Tønnegarden
Bakst, Dyrehald, Gardsmat, Tønner - Fusa
Tønnegarden
Tønnegarden Economusee er eit visningssenter som vart opna i nye lokaler i 2012. Ny verkstad for tønneproduksjon og nytt kjøkken til catering og servering.
Me tek imot store og små grupper for omvisning og servering. Her får du sjå handverkaren i arbeid og ei unik innføring i bøkkerkunsten. Kunnskap og handtverk har vore overført frå slektsledd til slektsledd, i alt 5 generasjonar. Jostein og Oddvar er dei to som i dag produserer tønnene og held liv i den gamle tradisjonen. Tønnegarden har daglig drift og storproduksjon av tretønner som går til fiskeindustrien, butikker og privatkunder. Samtidig driv me aktiv formidling av kultur og historie.
Me tilbyr:
- Selskapslokaler med servering
- Lyse og trivelige lokaler
- Kurs og møtelokaler
- God plass til store og små grupper
- Catering
- Snitter, Koldtbord, Tapas, Middag, Kaker og desserter
- Omvisning i tønnefabrikken. Sjå ei tønne blir til
- Gardsmat og butikk
- Mjølk og kjøttproduksjon
- Hjortekjøtt, kortreist fra hagen
- Utsalg av tønner, kjøtt frå Vestlandsk Fjordfe, Rauddravle, lefser, flatbrød, og anna bakst