Aktuelt

Blir ein del av UNESCO-nettverk

Bjørnafjorden Matkultur og det store Bjørnafjorden-måltidet blir ein del av eksklusivt UNESCO-nettverk. I desember 2015 blei Matbyen Bergen ein del av UNESCO sitt internasjonale nettverk for kreative byer og ein av 18 byer over heile verda som kan kalla seg «Cities of Gastronomy».

Lett forsmak på ressurskraftig foreining

Måndag 19. juni kokte Bjørnefjorden Matkultur saman til opningstreff for den blodferske foreininga. Det handlar om mat, lokale råvarer og entusiasme kring mattradisjonar i regionen rundt Bjørnefjorden.

Bjørnefjorden matkultur får 150.000 – planlegg festival i oktober

Mobiliseringa av matkultur og matprodusentar i Bjørnefjorden-området er tildelt 150.000 kroner frå Hordaland fylkeskommune. Målet er å løfta interessa og aktiviteten rundt mat og matproduksjon i Bjørnefjord-regionen. Møteplass for næringa Det er næringssjef Daniel Skotheim i Os kommune som leier prosjektet, medan prosjektgruppa er sett saman av kommunale aktørar saman med representantar frå næringa.