Fleire tysnesingar interessert i «Bjørnefjorden Matkultur»

Både representantar frå Haaheim Gaard, Dalland gard, Tveitakjerringa og villsau-representantar frå Årbakka, var tilstades då lokalmatbransjen i regionen var samla sist torsdag.

Saka er henta frå www.tysnesbladet.no

– Alle er tent med eit samarbeid. Eg trur det er behov for ein møteplass, sa Daniel Skotheim, som er ein initiativtakarane til «Bjørnefjorden Matkultur».

Tanken bak «Bjørnefjorden Matkultur» er å samla næringa, løfta fram matkultur og gjera mat frå regionen meir kjent, attraktiv og lettare tilgjengeleg.

Blant tysnesingane som hadde teke turen for å vera med på informasjonsmøte i den komande foreininga, var Torstein Hatlevik frå Haaheim Gaard, Irene og Anders Dalland frå Dalland gard, Lucianne Rijpkema som produserer geitemjølkprodukt under namnet Tveitakjerringa og Åge Mæland og Arnt Bakke, som driv med villsau på Årbakka, i tillegg til Harald Gjøvåg.

Vil stifta foreining

– Me har eit forslag, men det er ikkje hogge i stein, sa Skotheim, og føreslo å setja ned ei prosjektgruppe.

– I gruppa må det vera bidrag, innspel og samarbeid med oss i salen. Me må ha ein plass der me kan finna kvarandre og kommunisera, sa han.

Representantane frå Årbakka og Dalland gard vart blant dei som sa seg viljuge til å vera med i prosjektgruppa.

– Forslaget vårt er at prosjektgruppa får fullmakt til å stifta foreininga, sa Skotheim.

Har fått midler

Førebels har Skotheim søkt om midlar frå Hordaland Fylkekommune, og fått 150.000 kroner til å starta opp «Bjørnefjorden Matkultur» og mobilisera næringa.

– Me vil mellom anna vera arrangør av kurs og matfestivalar i samarbeid med lokale bidragsytarar som kommune og andre interesseorganisasjonar, sa Skotheim.

Eit anna mål for foreininga er å booka heile Oseana på Os, og invitera 200 gjester til ein middag med råvarer frå Bjørnefjorden, som blir kalla «Det store Bjørnefjorden måltidet».

– Det er noko me kan jobba mot, og som må planleggjast, så me må byrja tidleg, sa han.

Andre arenaer Skotheim ynskjer at «Bjørnefjorden Matkultur» skal løfta fram og skapa merksemd rundt, er matmarknadar og Bondens Dag.

– Me kunne til dømes også invitera bønder til å planta grønsaker i dedikerte kassar og bed i sentrum i kommunane i Bjørnefjorden. Grønsakene kan brukast i det store måltidet, forklarte Skotheim.

– Positivt søkjeljos på lokalmat

Han meinte også at «Bjørnefjorden Matkultur» kan bidra med kurs, foredrag, temadagar, og til dømes lønsjtokt med Statsraad Lehmkuhl.

Lucianne Rijpkema, som bur på Tveit, peikte på at det kunne vera lurt med eit kart på engelsk over stadar i Bjørnefjorden kor ein kan kjøpa gardsmat, noko Skotheim sa seg samd i.

Torstein Hatlevik, eigar av Haaheim Gaard, sa til «Tysnes» i etterkant av møtet at det er positivt med søkjeljos på lokalmat.

– Me kan byggja nettverk og løfta fram kvaliteten av lokalprodusert mat, sa han, og peikte på at Tysnes også er med i ei liknande foreining gjennom Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Skotheim seier til «Tysnes» at han trur «Bjørnefjorden Matkultur» vil gjera det lettare å starta opp prosjekt i samband med lokalmat.

– Det er ei enorm interesse for matvarer og eit stort uløyst potensiale, seier han.

Han fortel at ideen kom etter eit møte med landbrukssjef Øystein Svalheim, og at det balla på seg etter dette.

– Me tok kontakt med matattaché i Hordaland, Gunnar Nagel Dahl, og planlegginga gjekk til etterkvart. Me ville byggja interesse for lokalmat, seier han.