Tønnegarden

Bakst, Dyrehald, Gardsmat, Tønner - Fusa

Eit lite familiedrive gardsbruk på Indre Samnøy i Fusa kommune.

Namnet Tønnegarden kjem av at det i generasjonar har vore drive gardsdrift, samt produksjon av tretønner som ei viktig attåtnæring på bruket.

Tidligare vart det laga tønner i nesten kvart naust og på kvar gard, men no er det få stader att der det vert produsert tretønner. Dette har me teke tak i og ynskjer med Tønnegarden Économusée å vise det gamle handverket til nye generasjonar, samtidig som me held i hevd ein produksjon med både dei tradisjonelle saltetønnene og nye modellar til andre bruksområder.

Desember 2012 stod eit nytt bygg klart på gardsplassen. Her er det ein større verkstad med mykje betre tilhøve for produksjon og omvising enn i det gamle bygget. Det har frå gamalt av vorte salta sild i tønner. No går det meste av tønnene til fiskebruka langs kysten for å salte torskerogn til kaviarproduksjonen, men det går òg til salting av kjøtt og fisk. Tønna vert ikkje lenger berre nytta til tradisjonelt bruk. I dag er det mange som vil ha tønner heime eller i eit maritimt miljø, både som innreiing og praktisk bruk. Eksempel her er til dømes til å samle regnvatn eller til oppbevaring. Tønnene våre vert laga i fire ulike storleikar I motsetning til kva ein kanskje trur er ikkje ei halvtønne ei tønne som er kappa i to, men den har omlag halve volumet av ei heiltønne. Vidare er det fjerding (1/4) og åttring (1/8) Skal tønna nyttast inne i eit varmt hus vil den vanleg tørka tønna «gisne» og banda kan falle av. Skal tønna derimot nyttast i eit fuktigare miljø passar det med ei tønne som ikkje er tørka noko ekstra. Derfor er det lurt å seie kva den skal nyttast til når du bestiller. Spesialtørka tønner bør ikkje nyttast til oppbevaring av væsker.

I det store nye bygget på garden har me fått plass til eit godt kjøken og flotte lokale for møter eller fest. Ein stor steinomn er sentralt plassert der det blir baka brød og bollar . Det er ikkje berre brød som vert produsert på Tønnegarden. Me ynskjer å satse på tradisjonsmat, og i særleg grad lokal tradisjonsmat.

Kjøttkakene som blir laga på garden av ei blanding av Vestlandsk fjordfe som er vakse opp på garden og hjort som er felt på garden/utmarka.

Raudravlen er laga etter gamal oppskrift og tradisjon i Fusabygdane. Den er laga av mjølk produsert på garden og kokt i fleire timar og tilsett bleng.

Raudravlen er slett, dvs utan klumpar, meir som ein tjukk velling. Og etter tradisjonen skal det alltid serverast raudravle på 17 mai

Lefser er og laga etter gamal oppskrift og steikt på takke. Før i tida var det ei gamal tante (Maria)som reiste rundt på gardane og steikte lefser før jul. Det var stor stas når Maria kom og steikte lefser. Me kalla dei lenge for marialefser. Lefsene er tørre og kan lagrast lenge. Dei blir bløytte før dei blir smurt. Smurte lefser smakar perfekt til kaffien, eller dei blir brukt som frukostlefse med anna pålegg.

Hos oss kan du smake godt bakverk, feire ein stor dag, og sjå korleis det gamle bøkkerfaget vert praktisert både med gamalt og moderne verktøy. Du vil òg finne mykje historie om tønna, både lokal og meir generelt. Me tek gjerne imot grupper for omvisning etter avtale.