Mæland gard

Gardsmat, Dyrehald, Bærdyrking - Tysnes

Mæland gard ligg på austsida av Tysnes. Brattlendt, sørvendt, solrik og varm strekkjer den seg frå sjøen høgt opp mot fjellet med flott utsikt til Folgefonna og Kvinnherad fjella.

HISTORIE OG GEOGRAFI

Garden vart kjøpt av Nils Nilsson Meland i 1758 under auksjonen over Halsnøy Kloster. Den har sidan vore i familien si eige til denne dag. Den låg øde lenge etter Svartedauen, men kom i drift igjen midt på 1500 tallet, då i regi av Halsnøy Kloster frem til 1710. Bruket blei deretter bygslet fram til 1758, då den blei det kjøpt av Nils Nilson Meland og kona Kari Salomonsdatter Solheim på auksjonen over Kloster-godset i 1758.

Jordsmonnet er ei blanding av mineral og humus, (skredjord) er heller karrig og steinrik, men er varm og drenerer godt. Tidleg på 1800-talet blei mykje av jordveien på bruket dyrka.  

Husdyrhaldet har gjennom tidene skifta med melkekyr, sauehold, kjøttfe, samt litt høns og gris.

I åkerbruket blei det dyrka korn og poteter. Frukttre som pærer, epler og plommer trives godt, men vert ikkje lenger dyrka. I staden vert det i dag dyrka jordbær på store deler av bruket. Det resterande, dyrkbare arealet nyttas til sauebeite og grasproduksjon. Til gården ligg det og store utmarks- og fjellområder som nyttas til sauebeite. 

Nær 300 mål skog høyrer til bruket. Skogen ligg i Stussvik, Kvinnherad, og i 1947 blei eit mindre sagbruk / trevarefabrikk bygd for å utnytta denne som tilleggsnæring til gårdsdrifta. Saga blei halden i drift heilt fram til ein gong på 1980-tallet. Den blei fyrst drevet med ein Francis vannturbin i eit vannfall i Lia-elva, men midt på 1950 tallet blei den elektrifisert. Det blei hovedsakleg produsert bygningsmateriale, fruktkassar og tønnestav. Nokre jernbanesviller for eksport til England blei og produsert. Sagbygningen ligg vakkert til i sjøkanten på den flotte rullesteinstranda ved Årbakkasjøen

 

NÆRING
Dyrehaldet for tida er utegangersau av rasen Villsau og Svartfjes. Desse gjev ettertrakta kjøttprodukt i tillegg til ull og skinnfellar.

Store delar av den dyrka jorda på Mæland er tilplanta med jordbær. Den varme, steinrike jorda eignar seg godt til jordbær. For tida blir det dyrka jordbær av sortane Korona, Polka og Bounty. Bæra er dyrka på friland og halmseng. Blir førebels berre seld lokalt på Tysnes, Stord, Os og Kvinnherad under namnet Årbakkabær (Jordbær frå Årbakka). Jordveien elles er til dyrking av vinterfor og beite.

På den vakre rullesteinstranda ved Årbakkasjøen ligg den gamle, nedlagde sagbygningen på garden, – “Sago”. Sjølve sagbygningen kan på kort varsel gjerast om til festlokale. Denne har dei seinare åra blitt nytta som festlokale ved ymse evenement. Planer er no godkjende for å renovera og høga standarden på bygningen utan at preget av sagbruk fell bort. Eit tilbygg med storkjøken, gardrobe og toaletter inngår i renoveringa. Planen er å kunne tilby private, offisielle, kulturelle og sosiale aktører evenementer og varierte opplevelser. Det vil bli søkt om skjenkeløyve. På storkjøkenet vil gardsprodukt frå eigen gard og andre produsentar bli foredla. Mentor når det gjeld “Saga” er den kjende gourmetkokken Jon Aga frå Vega. Han har «kokkelert» på Saga ved fleire høve.

På nabobruket tett ved Saga ligg dei kjende bautaane frå jarnalderen. Den gamle Årbakka Handelsstad grenser til området. På sumarstid er det kunstutstillingar med open kiosk på Årbakka Handelsstad.

På garden er det oppført ein moderne brakkerigg av høg standard for utleige. Eit mindre kårhus, samt to hytter i utmarka er og til utleige på marknaden.

Elles tilset, formidlar me arbeidsfolk frå Litauen og Thailand under jordbærhaustinga og elles ved anna tilfeldig landbruks arbeid vår, sumar og haust. Frå Litauen har me i 10 år hatt tilsett ein dyktig snikkar, som mellom anna er ekspert på å renovera gamle bygg, samt leggja gamle steinhelletak.