Garden på Dalland

Gardsmat, Dyrehald, Potetdyrking - Tysnes

Garden på Dalland er ein tradisjonell vestlandsgard på vakre Tysnes, med fokus på ekte, naturleg og berekraftig matproduksjon.

På garden har me vestlandsk fjordfe, gamalnorsk sau og ein liten flokk koselege geiter. Alt me produserer baserer seg på gardens eigne ressursar. Me nyttar til dømes ikkje kraftfor til dyra våre. Me er difor stolte av å kunna kalla dyra våre grasfora på lokale ressursar.

Me har også kjøttforedlingsanlegg for kjøt på garden, og sel alt kjøtet direkte til forbrukar. På denne måten kan forbrukaren vera sikker på at maten han kjøper er produsert på ein miljøvennleg, naturleg og ærleg måte. Det er meir arbeid for oss. Men du som forbrukar vil kjenna skilnaden! Garden driv også potetproduksjon med direktesal, sjølv om denne produksjonen for tida er lagt til sides, til fordel for mange større byggeprosjekt.

Me held på å prosjektera gardsbutikk, og har mange andre tilbud som blir lansert når dei er ferdig modna! I tillegg har me to tilbygg til driftsbygningen under oppføring, samt eit nytt fleirbrukshus på garden. Me jobbar også med å tilrettelegga beiter og uteområder for dyra slik at alle dyra kan vera mest mogeleg ute. Sauene og geitene er allereie ute heile året, og når me ferdigstiller permanente uteområder for storfe skal også både kyr og oksar få vera ute så mykje som dei sjølv vil.

Ein føresetnad for å produsera god mat er å gjera det på dyra sine premissar. Me trur på eit alternativ til den industrielle, samlebandproduksjonen som styresmaktene legg opp til. Då kan me tilpassa omfanget til ressursgrunnlaget, og la dyra leva så naturleg som råd. Då trivst dyra betre. Når dyra trivst, blir også produkta me hentar ut av dei betre.

Vanskelegare enn det er det ikkje!

Gode helsingar frå Anders og Irene