Eikhaugen Gjestegard

Bærdyrking, Bakst, Gardsmat, Spisestadar, Overnatting - Fusa

Ei vakker perle like ved Bjørnafjorden i Fusa

Eikhaugen Gjestegard  ligg vakkert til like ved Bjørnafjorden i Fusa, mellom frukttrær og grøne bakkar og frodige lier. Her nyt vi gode dagar med råvarer hausta og henta i naturen kring oss. Her på Eikhaugen, så å seie midt i matfatet sår og haustar vi det vi treng for å dekke til gjestebod. Både frå havet, skogen og fjella kringom i Fusa og sjølvsagt vårt eige «Vetle Hardanger», som er frukt og bærhagen på garden. Ei vakker perle der vi tek med våre gjester for omvisning og smaking.

Gardsrestauranten ligg i den originale grindeløa på garden. Meir enn hundre år gamle steinmurar og grove tømmerkonstruksjonar utgjer eit fantastisk selskapslokale med ein heilt unik atmosfære. Vårt gode kjøkken hentar både inspirasjon og råvarer frå eigen kjøkkenhage, frukthagen «Vetle Hardanger» samt frå dyktige bønder lokalt. Når vi planlegg menyar er det 3 ting som er viktig for oss: kvalitet, sesong og lokale råvarer. Me blir glade og varme kring hjarta når vi byr våre fantastiske gjester på ekte, kortreiste rettar laga med kjærleik til maten og naturen. Når ein kjem saman kring eit festdekka bord på Eikhaugen saman med familie og venner og kan nyta eit smakfullt måltid, ja då er livet godt.

Vakker Vestlandsnatur med fjord, skog og fjell kransar kring Eikhaugen Gjestegard. Dette utgjer ein perfekt ramme for avkopling eller munter hygge, enten du er her med kollegaer, vener eller familie. Gardsbutikken på Eikhaugen er verdt eit besøk i seg sjølv! Nydelige krukker og småflasker fylt med deilige smakar av sommar og sol. Frukta og bæra som vi brukar i våre geleear, safter, syltetøy og alt det andre haustar vi i all hovudsak i frukthagen «Vetle Hardanger».

Vi har pr i dag 2 flotte gjestehytter ligg like i sjøkanten med storslegen panorama utover vakre Bjørnafjorden, og har plass til 12 personer i kvar hytte fordelt på 5 soverom. Kun 2 minutt å gå frå restauranten og gardsbutikken.

Me legg til rette for aktivitetar og opplevingar tilpassa gruppa sine ynskje, storleik og dugleik. Våre mat- og vinkurs, fjordcruise og guida vandring og skattejakt med GPS i natur- og kulturlandskapet er spesielt populære. Padling i skjærgarden og sykling på stille vegar er og ettertrakta aktivitetar. Kajakkar og syklar kan du leige hjå oss.

Enten du vil arrangere eit selskap for deg og dine kjære her hos oss eller oppleve flotte intimkonserter med nokre av Noregs beste artister kan vi love ein hyggelig kveld og gode minner å ta med heimatt.

Velkommen til gards!

Foto: Simen Soltvedt