Bøkampen Utegangarlam

Dyrehald, Gardsmat - Os

På Bøkampen gjentar årets vakraste under seg kvar vår då våre 70 gammalnorske spælsauer får flotte, sterke små lam i dei vårgrøne bakkane med utsikt ned mot Bjørnafjorden. Etter å ha gått med mor i trygge omgivnadar rundt garden i nokre veker går ferda til den vakre stølsheimen på Engjaland i Voss. Her beiter søyer og lam på lyng, fjellgras, urter og bær heile sumaren før vi i oktober velgjer ut dei som får koma heim att til gards og dei som skal selgast til private og restauranter.

Vi køyrer lamma berre eit kort strekk og leverer dei til dei dyktige folka på Voss gardsslakteri der dei blir skånsomt og respektfullt behandla heilt til det siste, noko som gjer minimalt med stress for dyra. Vi henter kjøtet der etter nokre dagers mørning før vi leverer det direkte til kunde eller tek det heim på garden på Os for vidare foredling. Resultatet er eit smaksrikt og marmorert lammekjøtt som vil gje deg ein opplevelse du ikkje gløymer med det første.