Bli ein av oss

Vil du vera med å fremma matkultur frå din region?

Bjørnefjorden Matkultur er eit samarbeid mellom mataktørar i regionen som har som mål å fremma matkultur rundt Bjørnefjorden. Frå fjord og jord – til bord. Bjørnefjorden Matkultur skal gjera mat og råvarer frå regionen etterspurt, kjent og tilgjengelige. Bjørnefjorden Matkultur skal bidra til utvikling, vekst og framtidstru hos bønder, produsentar, matforedlare, spisestader og andre som arbeidar med mat.

Kven kan bli medlem, korleis og kva kostar det?

Ta kontakt med oss på post@bjornefjordenmatkultur.noDet kostar 1200 kr for medlemsåret 2018.
Alle som driv med mat og råvarer for sal i regionen kan bli medlem.

Kva får du som medlem?

  • Vere med og bidra til auka merksemd og engasjement kring lokal mat og råvarer
  • Vere ein del av eit nettverk som inkluderer heile verdikjeda
  • Oppføring og eiga landingsside på bjørnefjordenmatkultur.no
  • Full tilgang til Bjørnefjorden Matkultur-merkevara – For eksempel eigne arrangement i regi av og i samarbeid med foreninga
  • Gratis (inntil eit foreløping ikkje-definert antal deltakarar) plass i Bjørnefjorden Matkultur sitt telt under marknadsdagar og festivalar
  • Vere med som deltakar og/eller leverandør til Det store Bjørnefjorden-måltidet

Spørsmål? Ta kontakt på epost post@bjornefjordenmatkultur.no