Det Store Bjørnefjordmåltidet

7. oktober 2017
Stad: Oseana
Pris: 690

Bjørnefjorden Matkultur inviterer til ei heilt unik oppleving. For å gjere mat og råvarer frå regionen kjent, har vi satt saman ein spesiell kveld i Oseana. «Det Store Bjørnefjordmåltidet». Du får servert ein heilt eineståande meny, utelukkande basert på ingrediensar frå Os, Fusa, Samnanger og Tysnes.

Heile næringa står klar med sine råvarer: frå lam til kalv, egg og ost, bær og frukt, ville vekstar, fisk og skalldyr. Menyen blir til ut frå råvarene tilgjengeleg på sjølve dagen. Heile næringa rundt Bjørnefjorden har fått invitasjon til å levera/vere med. Det blir minimum 7 rettar!

Maten blir laga og servert av eit kokkelaug og eit servitørlaug, som alle bur eller jobbar i regionen. Matattache Gunnar Nagell Dahl vil leie kokkelauget, med god hjelp frå Haaheim Gaard, Eikhaugen Gjestegard, Osteriet i Samnanger, Bjørnefjorden Gjestetun, Engevik Gaard, Mæland gård, Oseana, gardene på Bø, Havnechefen, Garden på Dalland og Osøyro Kolonial… berre for å nemne nokre.