Det Store Bjørnefjordmåltidet 2019

5. oktober 2019
Stad: Oseana Kunst & Kultursenter
Pris: 1390

Det Endå Litt Større Bjørnefjordmåltidet – 2019

Etter to utselde arrangement i 2017 og 2018, tenkjer vi at alle gode ting sjølvsagt er tre, og inviterer til Det endå litt større Bjørnefjordmåltidet 2019.

I Bjørnefjorden Matkultur ønskjer vi å gjere mat og råvarer frå områda rundt Bjørnefjorden etterspurt, kjent og tilgjengelege – det store måltidet er vår største satsing for å få til dette. Vi inviterer lokale mataktørar til å bidra med sine råvarer, oppskrifter, produkt eller kokkekunstar, og samlar desse til ei unik matoppleving ein kveld i året.

Dørene til Oseana opnar kl 18:00.

Kvart enkelt bord har plass til 10 personar. Vi oppfordrar alle som vil sitte saman ved eitt bord om å bestille billettar i ei samla bestilling, på same epost-adresse. På den måten vil vi sjå kven som ønskjer å sitte i lag når vi set saman bordplasseringa.

Bjørnefjorden Matkultur er eit samarbeid mellom mataktørar i regionen, og har som mål å fremma matkultur i områda rundt Bjørnefjorden, frå kommunane Fusa, Os, Tysnes og Samnanger. Foreininga skal bidra til utvikling, vekst og framtidstru hos bønder, produsentar, matforedlarar, spisestader og andre som arbeidar med mat.

Den 5. oktober samlar vi oss og gjer deg ei unik matoppleving, frå fjord og jord – til bord.

  • Tidlegare på dagen arrangerer vi ein to-timars matfestival i Vognhallen, der heile Bjørnafjorden kan nyta smaksopplevingar frå våre medlemar. Billett til Det endå litt større Bjørnefjordmåltidet gir 4 «bongar» til festivalen.

 

Tid: 5. oktober 2019 kl 18:00

Stad: Oseana Kunst & Kultursenter

Billettpris: 1390,- per pers. (inkludert avgift)

Kjøp billett her.