Det endå større Bjørnefjordmåltidet

6. oktober 2018
Stad: Oseana kunst og kultursenter

Kjøp billettar frå 16. juni på www.oseana.no.

Etter tidenes matoppleving og eit utseld arrangement i fjor utvidar vi i år og inviterer til Det endå større Bjørnefjordmåltidet 2018. I Bjørnefjorden Matkultur ønskjer vi å gjere mat og råvarer frå områda rundt Bjørnefjorden etterspurt, kjent og tilgjengelege – det store måltidet er vår største satsing for å få til dette. Vi inviterer lokale mataktørar til å bidra med sine råvarer, oppskrifter, produkt eller kokkekunstar, og samlar desse til ei unik matoppleving ein kveld i året.

På arrangementet 6. oktober tek vi deg i gjennom ein omfattande meny satt saman av matattaché Gunnar Nagell Dahl og Silja Døsen Moberg frå Osøyro kolonial, i tett samarbeid med lokale kokkar og leverandørar. Menyen er hemmeleg – på den måten kan vi overraske deg med spennande smakar og rettar. Under måltidet vil konferansier Torstein Hatlevik gje deg gode historier om dei ulike råvarene, og fortelle meir om deira kortreiste veg til matfatet. Du vil òg få møte fleire av produsentane, kokkane og gardsbrukarane bak dei ulike rettane. I mellom serveringane får du høve til å treffe andre matinteresserte og matengasjerte gjestar.

I fyrste del av arrangementet er drikke inkludert. Når hovuddelen av arrangementet tek til får du moglegheit til å kjøpe vinpakke eller anna drikke etter eige ønskje.

Kvart enkelt bord har plass til 10 personar. Vi oppfordrar alle som vil sitte saman ved eitt bord om å bestille billettar i ei samla bestilling, på same epost-adresse. På den måten vil vi sjå kven som ønskjer å sitte i lag når vi set saman bordplasseringa.

Bjørnefjorden Matkultur er eit samarbeid mellom mataktørar i regionen, og som har som mål å fremma matkultur i områda rundt Bjørnefjorden, frå kommunane Fusa, Os, Tysnes og Samnanger. Foreininga skal bidra til utvikling, vekst og framtidstru hos bønder, produsentar, matforedlarar, spisestader og andre som arbeidar med mat. Den 6. oktober samlar vi oss og gjer deg ei unik matoppleving, frå fjord og jord – til bord.