Kjøp billettar til «Det endå større Bjørnefjordmåltidet»!

bilde header

Det endå større Bjørnefjordmåltidet 2018.

Stad: Oseana Kunst og Kultursenter på Osøyro.

Pris: 1290,- per stk.

Billettar finn du på www.oseana.no. Du kan òg søke opp arrangementet i billettportalen til www.ticketmaster.no.  

Etter tidenes matoppleving og eit utseld arrangement i fjor utvidar vi i år og inviterer til Det endå større Bjørnefjordmåltidet 2018. I Bjørnefjorden Matkultur ønskjer vi å gjere mat og råvarer frå områda rundt Bjørnefjorden etterspurt, kjent og tilgjengelege – det store måltidet er vår største satsing for å få til dette. Vi inviterer lokale mataktørar til å bidra med sine råvarer, oppskrifter, produkt eller kokkekunstar, og samlar desse til ei unik matoppleving ein kveld i året.