Det store Bjørnefjordmåltidet 2: Trur oppfølgjaren blir endå betre

I fjor vart hendinga omtala som tidenes matoppleving i vår region. Men arrangørane vil likevel prøva å toppa suksessen i haust.

Det storslegne festmåltidet laga av (nesten) berre lokale råvarer blir også i haust ein realitet, og i morgon kan du sikra deg billett. Over 200 menneske var med i fjor, og Bjørnefjorden Matkultur satsar på at endå fleire finn vegen i år.

– Me siktar ikkje lågare i år. Det Store Bjørnefjordmåltidet skal bli endå litt større, seier Daniel Skotheim. Onsdag samla han eit knippe lokale matprodusentar og medlemmer av Bjørnefjorden Matkultur, og inkluderte eit par nydelege smakebitar. Heimelaga skinke og honning og lokale rips stod på menyen.

– Det store Bjørnefjordmåltidet er eit utruleg viktig tiltak for å setja fokus på produksjonen av lokale matvarer i vår region, seier Skotheim.

Held korta tett til brystet

For at eventet skal ha eit element av overrasking, vel dei å halda detaljar kring årets meny og opplegg stort sett hemmeleg. Men noko av det som er nytt av året, kan dei røpa.

– I år vil me ta i bruk meir av potensialet som ligg i Oseana. Nytt av året blir også at me involverer elevar frå Restaurant- og matfag ved Fusa Vidaregåande skule. Dei skal få førebu ein av rettane i forkant, fortel Gunnar Nagell Dahl, som er matattaché hjå Fylkesmannen.

At kvaliteten blir høgare er dei tydelege på, og naturleg nok blir også prisen noko høgare enn i fjor.

– Årets pris reflekterer betre kva verdiar som ligg i råvarene, og kva det kostar å produsera dei, seier Nagell Dahl.

I fjor gjekk føretaket med underskot, men foreininga har greidd å henta seg inn att i løpet av året.

– Me lærte noko av det, samtidig som det var rett å gjera introduksjonsprisen ganske låg første året, seier Skotheim.

Han legg til at eit eventuelt overskot vil brukast på å heva kompetansen for medlemmene av Bjørnefjorden Matkultur.

Nokre utfordringar gjenstår

Sjølve konseptet er til ein viss grad utfordrande å få til fullt ut. Å finna alle typar råvarer i Os, Fusa, Samnanger eller Tysnes, er lettare sagt enn gjort.

– Når det gjeld til dømes vin, er det ikkje så mange produsentar av det her, så då må me utanlands. Men me vil prøva å finna nokon som har ei eller anna form for tilknyting til vår region, seier Nagell Dahl.

Merkeleg nok er det ikkje heilt uproblematisk å finna ein leverandør av fisk frå Bjørnafjorden heller.

– Me kan ikkje berre finna nokon som har lyst å fiska litt i fjorden for oss. Det må vera godkjent, seier Nagell Dahl.

Av grønsaker har dei Erik Halvorsen i Hålandsdalen, og urter får dei frå Bjørnefjorden gjestetun.

Tekst og foto: Øystein Lid, Os og Fusaposten 17.06.2018

http://www.osogfusa.no/nyhende/det-store-bjornefjordmaltidet-2-trur-oppfolgjaren-blir-enda-betre-1.2394685