Det store Bjørnafjordenmåltidet – for andre gong

Oseana måltid

Suksessen med kortreiste råvarer og lokale kokkar på dugnad held fram. Snart blir maraton-måltidet lagt ut for sal.

Laurdag 7. oktober i fjor serverte 13 kokkar, 10 elevar frå Fusa vgs og om lag 30 servitørar til saman 4.620 porsjoner lokalmat fordelt på 21 rettar i Det Store Bjørnafjordenmåltidet.

– Tilbakemeldingane vi har fått har vore enormt gode, sa Daniel Skotheim i Bjørnafjorden Matkultur etter at festen var over.

Enkelte nye element i år

Årets versjon av Det store Bjørnafjordenmåltidet blir servert laurdag 6. oktober.

– Det er i utgangspunktet medlemmar av Bjørnafjorden Matkultur som deltar, men om det er produsentar som vil hiva seg med så får dei melda si interesse, seier Gunnar Nagell Dahl.

På eit lite pressetreff ved Oseana i dag, prøvde arrangøra å vera løyndomsfulle, men avslørte likevel litt.

– Folk får ikkje menyen før dei går heim, men dei kan få veta at vi i år tar i bruk større delar av Oseana. Fleire av produsentane og deltakarane stiller med stand, sånn at gjestane, mellom nokre av rettane, kan bli betre kjent med nokre av dei involverte.

Elevane frå kokk og servitør ved Fusa vgs er med vidare, og i endå større grad. Dei får delta med førebuingar og skal i tillegg få laga og servera sin eigen rett.

– Vi ønskjer dessutan at fleire av råvarene skal vera tilgjengelege for kjøp umiddelbart etter middag, og at fleire av rettane skal vera signaturrettar frå spisestadane, så dei går an å smaka fleire gongar utover hausten.

Mest mogleg lokal

I fjor var 63,9 prosent av råvarene til dei 21 rettane lokale, kortreiste varer.

– Målet er å auka dette i år, men nokre varer er litt vanskelege å finna i nærområdet, seier Nagell Dahl.

– Øl har vi god tilgang på, mens vingardar er det færre av på Vestlandet. Her kan vi finna noko vin der bjørnefjordingar er involvert, for eksempel med import. Elles jobbar vi òg litt med å få tak i kortreist fisk.

Årets måltid snart for sal

Det var fullt hus første gong. Laurdag blir årets måltid lagt ut for sal.

Prisen har auka frå 690 i fjor til 1190 kroner.

– Prisen står litt meir i harmoni med det gjestane får, men er framleis svært billig. Heile måltidet er ein stor dugnad, det er omtrent berre råvarene gjestane betaler for.

I fjor blei det ein liten minus, trass fullt hus og stor dugnadsinnsats.

– Sjølv om måltidet gir god marknadsføring for lokale produsentar og spisestadar, håper vi på å gå i balanse, eventuelt med eit lite overskot.

– Korleis har aktiviteten vore i Bjørnafjorden Matkultur etter førre store måltid?

– Den har vore god. Vi har hatt fleire møter og måltid, vi har deltatt på kurs i bruk av sosiale medie, vi har stilt ut og deltatt på arrangement som Julemarknaden og Vårsleppet i Os, og vi kjem til å ha representantar på Matmarknaden på Tysnes 7. juli, helga før Tysnesfest, fortel Daniel Skotheim.

Tekst og foto: Kjetil Bruarøy, Midtsiden 13. juni 2018

https://www.midtsiden.no/det-store-bjornafjordenmaltidet-andre-gong