Rett skal vera rett

Kor mange rettar er det mogleg å servera til 220 gjester? Det søkte Bjørnefjorden matkultur å finna ut då «Det stor bjørnefjordmåltidet» gjekk av stabelen i Oseana i kveld

– Vi vart litt rivne med. Vi har utvida menyen litt. Eller det vil seia ikkje så reint lite heller…, sa Torstein Hatlevik frå Haaheim Gaard.

Hatlevik oppmoda samstundes dei frammøtte om å innta avgrensa mengder med brød. På førehand var gjestene lova minst sju rettar. Nøyaktig kor mange det vart, er førebels uvisst. Arrangørane ønskte ikkje å avsløra det, korkje for dei som skulle innta maten eller for nyfikne journalistar, før kvelden var omme.

– Målet er å setja rekord. Eg trur ikkje det er laga så mange rettar til så mange folk før, sa Hatlevik og rådde gjestene til å drikka kvitvin til fiskerettane, raudvin til kjøtrettane, og derssertvin til dessertane.

– Alt er i fleirtal, sa han og lo.

68,3 prosent lokal mat

Tanken med Bjørnefjorden matkultur, som vart stifta av næringssjef Daniel Skotheim, landbrukssjef Øystein Svalheim og Gunnar Nagell Dahl, og «Det store Bjørnefjordmåltidet» er å gjer mat og matkultur frå bjørnefjordområdet, det vil seia Os, Fusa, Tysnes og Samnanger, kjent og tilgjengeleg.

– Vi ønskjer å samla heile verdikjeda. Frå bonden og fiskaren til kokken og serveringstadane, sa Skotheim, som er styreleiar i Bjørnefjorden matkultur, i opningstalen sin.

– Det finst fantastisk mykje god mat i området, og eg oppmodar alle som er her i kveld til å ta kontakt med medlemsverksemdene våre og spørja kva dei har å by på, sa Skotheim.

Av dei som bidrog til at kvelden vart vellukka, og gjestene mette, var Silja Døsen Moberg, Osøyro Klonial, Robert Storum. Skjelbreid Poiree, Torstein Hatlevik, Haaheim Gaard, Frank Vasby Bruarøy, Havnechefen, Kenneth Evensen og Eirik Grimstad, Solstrand Hotel & Bad, Iselin Marie Borge, Bjørnefjorden Gjestetun, Bartosz Lauchstaedt og Anne Rita og Roald Mjelstad, Oseana, Siw Bugge Gjerdevik Kolstad, Mat fra Hjertet, Tina Bøe Buer, Bøkampen Utergangarlam, Camilla Nesheim, Ottar Bang og 10 elevar frå kokk- og servitørlina på Fusa vidaregåande skule, samt ei røys med servitørar og andre medhjelparar.

– Vi har hatt nokre utfordringar i forkant. Til dømes er det folk som har hummar og kamskjell, men vi får ikkje lov å kjøpa frå dei. Og så er det grønsaker som framleis ikkje er mogne. Heldigvis er vi ein gjeng som elskar utfordringar, og som snur oss rundt kjapt, sa Silja Døsen Moberg.

– 68,3 prosent av maten som vert servert i dag kjem frå vår region. Saltet som står på borda kjem til dømes frå Bjørnefjorden, sa Moberg og lova å dela ut kveldens meny før gjestene gjekk heim.

– Litt spenning må vi ha.

Smak av verkelegheita

Alexander Solvang og Christina Nesheim går på kokk og servitørlina på Fusa vidarergåande skule. Dei synest det er fantastisk å kunna ta del i matfesten i Oseana.

– Det er ei oppleving, slår Solvang fast.

Elevane har jobba med førebuingar sidan klokka 16 i ettermiddag. Det har blitt mykje kutting, koking og steiking.

– Vert de stressa av alt som skal gjerast?

– Litt, men vi må jo bli vane med det dersom vi ønskjer å verta kokk, seier Nesheim.

220 gjester og x antal rettar er ikkje kvardagskost i skulen. Men slik vert det når elevane kjem ut i det «verkelege livet», ifølgje læraren deira, Ottar Bang.

– Du finn fort ut om du passar i yrket eller ikkje, seier han og legg til:

– Arbeidet i dag er ein veldig nyttig erfaring for elevane.

7, 14 eller 21 rettar?

Ordførar i Os, Marie Lunde Bruarøy, fortel at ho gler seg til kvar einaste rett. I talen sin tok ho dessutan for gitt at «Det store bjørnefjordmåltidet» vert ein årleg tradisjon.

– Det er spennande å smaka på nye ting. Eg trur òg dagen i dag kan vera til inspirasjon. Sjølv er eg oppteken av å nytta dei ressursane me har.

Ordføraren synest det er trist at det i enkelte tilfelle byd på store problem å få tak i lokale råvarer.

– Vi snakkar om kor viktig det er med kortreist mat, men så gjer reglane vi har det vanskeleg, seier ho.

Ordføraren var ikkje den einaste som var begeistra over det som dukka opp på borda. Marianne Søvik og Odd Sande skildrar kvelden så langt som fantastisk.

– Det er mykje smak og gode smakar, seier Sande.

– Vi gler oss til resten, seier Søvik, som er klar til å melda seg på eit nytt bjørnefjordsmåltid med det same.

– Alt er veldig proft. Maten vert servert samstundes på alle borda. Det er ingen som vert sitjande å venta. Og kelnarane er veldig flinke, seier ho.

Olje- og energiminster Terje Søviknes trur det kan koma mykje godt ut av å løfta fram lokale produsentar.

– Bjørnefjorden matkultur er eit flott initiativ, sa Søviknes og avslørte samstundes at han har ein draum om at bergenserane skal måtta ta turen til Os for å få tak i dei beste råvarene.

– Maten er nydeleg. Eg har høyrt rykte om at dei sju opphavlege rettane blir både to- og tredobla, sa Søviknes før han sett seg til bords igjen.

http://www.osogfusa.no/nyhende/rett-skal-vera-rett-1.2171655

camilla.kvamme@osogfusa.no