Har starta førebuinga til «tidenes matoppleving»

Laurdag 7. oktober er det duka for Det Store Bjørnefjordmåltidet i Oseana. Kokkelaget har starta førebuingane, og onsdag var dei samla på Haaheim Gaard.

Næringssjef Daniel Skotheim fortel at alle i både kokkelaget og servitørlaget jobbar eller bur i området, og alle dei fire kommunane, Os, Fusa, Samnanger og Tysnes, er representerte.

Onsdag ettermiddag var langt dei fleste samla på Haaheim gaard for å planleggja Det Store Bjørnefjordmåltidet i regi av Bjørnefjorden Matkultur. Måltidet vil besta utelukkande av råvarer frå dei fire kommunane.

– Dei fleste råvarene er bestilt, og onsdag vart ramma for menyen sett. Men, menyen er sjølvsagt avhengig av det som vert levert dagane før 7. oktober, seier Skotheim og held fram:

– Det er til dømes bestilt sjøkreps, men her er me heilt avhengige av at fiskaren frå Samnanger har fangst dei dagene. Kokkane tar uansett utfordringa, og lokkar med ei sjeldan og lokal matoppleving.

Middagen er eit samarbeidsprosjekt og eit spleiselag, og målet er i følgje næringssjefen «å få løfta fram og gjera stas på alle dei fantastiske varene vi har i vår region».

Dei som deltok på Haaheim Gaard onsdag ettermiddag var Gunnar Nagell Dahl (sjefskokk og matattache), Torstein Hatlevik (Haaheim Gaard), Tina Bøe Buer (Bøkampen Utegangerlam), Silja Døsen Moberg (Osøyro Kolonial), Frank Vasby Bruarøy (Havnechefen), Siw Bugge Gjerdevik Kolstad (Mat frå Hjertet), Iselin Marie Borge (Bjørnefjorden Gjestetun), Kenneth Evensen (Solstrand) og Eirik Grimstad (Solstrand). Kokkane til Oseana, Camilla Nesheim (kokkelinja Fusa Videregående), Robert Storum (Skjelbreid-Poiree) og Bente Getz (Osteriet) var forhindra frå å stilla onsdag.

jostein@osogfusa.no 07.09.2017 kl 10:04

http://www.osogfusa.no/nyhende/har-starta-forebuinga-til-tidenes-matoppleving-1.2152995