Lett forsmak på ressurskraftig foreining

Måndag 19. juni kokte Bjørnefjorden Matkultur saman til opningstreff for den blodferske foreininga.

Det handlar om mat, lokale råvarer og entusiasme kring mattradisjonar i regionen rundt Bjørnefjorden. Føremålet til den nye foreininga er å fremja mattradisjonen og produksjonen av lokale råvarer i området.

– Det er utruleg stor produksjon av ulik type mat i regionen vår. Faktisk langt meir enn folk anar. Den viktigaste oppgåva for oss i Bjørnfjorden Matkultur er å gjera råvarer og matvarer frå regionen kjent – og ikkje minst – lett tilgjengelege, seier næringssjefi Os kommune, Daniel Skotheim.

Han er også styreleiar i den nye foreininga.

Stor region

Måndag kveld hadd han med seg heile styret i foreininga, samt landbrukssjefen for Bjørnefjordregionen Øystein Svalheim og kjente matentusiastar frå området.

– Som kjent har Os, Fusa, Tysnes og Samnanger felles landbrukskontor. I så måte fann me det naturleg at også Tysnes og Samnanger blir del av foreininga vår, seier Skotheim.

Bjørnefjorden Matkultur er eit samarbeid mellom mataktørar i regionen som har som mål å fremja matkultur rundt Bjørnefjorden. Frå fjord og jord til bord. Bjørnefjorden Matkultur skal gjera mat og råvarer frå regionen etterspurt, kjent og tilgjengelege.

– Me vil også gjera det me kan for å bidra til utvikling, vekst og framtidstru hos bønder, produsentar, matforedlarar, spisestader og andre som arbeidar med mat, seier styreleiar Skotheim.

Pangstart med tang

Under opningstreffet måndag var også Gunnar Nagell Dahl på plass. Han gjekk ikkje av vegen for å røra litt i gryta og kokte like godt i stand litt smaksprøver for dei frammøtte.

Nykokt tang var blant smaksprøvene ein kunne få tygga litt på.

Elles vart sjølvsagt styret i foreininga presentert. Forutan styreleiar Skotheim består det no av følgjande personar:

Bonde Åge Mæland frå Tysnes, Irene Danielsen frå Dalland gard, Reidun Vasby frå Havnechefen, Bente Gertz frå Osteriet i Samnanger, Silja Døsen Moberg frå Osøyro Kolonial, Tina Bøe Buer frå Bøe gard, Iselin Borge frå Bjørnefjorden Gjestetun og Loren Ditmarsen frå Engevik Gard i Fusa.

Med andre ord er alle dei fire kommunane frå regionen representert i styret.

Silja Døsen Mobergs heimelaga TacOs med berre lokale råvarer såg elles ut til å smaka dei frammøtte.

Mange arrangement

Bjørnefjorden Matkultur vil i tida framover driva felles marknadsføring og samarbeid om sal, turisme og anna for sine medlemer.

I tillegg vil dei skipa til fleire arrangement og vera representerte under andre tilstellingar i dei fire kommunane.

– Det første store for oss er «Det store Bjørnefjordmåltidet» som me arrangerer i Oseana laurdag 7. oktober. Då vil dei frammøtte få servert ein heilt eineståande meny, utelukkande basert på ingrediensar frå Os, Fusa, Samnanger og Tysnes. Heile næringa står klar med sine råvarer – frå lam til kalv, egg og ost, bær og frukt, ville vekstar, fisk og skalldyr, fortel Skotheim.

Maten blir laga og servert av eit kokkelaug og eit servitørlaug, som alle bur eller jobbar i regionen.

– Matattache Gunnar Nagell Dahl vil leia kokkelauget, med god hjelp frå Haaheim Gaard, Eikhaugen Gjestegard, Osteriet i Samnanger, Bjørnefjorden Gjestetun, Engevik Gaard, Mæland gård, Oseana, gardane på Bø, Havnechefen, Garden på Dalland og Osøyro Kolonial – for å nemna nokre, seier Skotheim.

 

 

http://www.osogfusa.no/nyhende/lett-forsmak-pa-ressurskraftig-foreining-1.1963794